Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 5 milliardar i omsetnad og om lag 2100 medarbeidarar. Vi har butikkar i 64 kommunar, frå Åfjord i nord til Gulen i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Vår verksemd er i fyrste rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandelsbutikkar. Vi er eigd av våre 149 000 medlemmar, og driv etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å være eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsatt bransje, møter vi heile tida ny konkurranse og nye utfordringar. Måten vi møter dei på avgjer om kunden framleis vil velgje oss framfor våre konkurrentar. 

Butikksjef Extra Dale

Coop Nordvest SA
Jarstadvegen 22
6963 Dale
Søknadsfrist: 23. april 2019
Søknaden merkes: 4055484854

 

Som butikksjef i Extra har du totalansvaret for drifta av butikken. Du byggjer ein vinnarkultur saman med medarbeidarane dine. Du er aktiv på golvet i butikken og trivs med å leie i ein kvardag med høgt tempo.

 

Hjå deg og dine medarbeidarar får kunden den beste servicen og dei hyggelegaste handle-opplevingane i nærområdet sitt. Extra Dale er ein moderne butikk med eit bredt og inspirerande sortiment. 

 

Arbeidsoppgåver:

  • Drifts- og budsjettansvar i tråd med kjeden sin profil og driftskonsept
  • Leiing,rekruttering, oppfølging og utvikling av medarbeidere
  • Skape eit godt miljø i butikken for både ansatte  og kundar

 

 

Dine eigenskapar:

  • Blid, målbevisst og resultatorientert
  • Tydeleg i kommunikasjon med dine medarbeidarar
  • Strukturert og serviceinnstilt
  • Trivs med hektiske arbeidsdagar, og forstår at det er viktig å leie gjennom andre
  • Har gjerne leiar- og/eller økonomisk erfaring, men dette er ikkje eit krav

 

 

Vi kan tilby:

Du får driftsoppfølging frå driftssjef og anna støttepersonell, og blir ein del av eit butikksjefsteam på 38 ekstrabutikkar med møtekontakt kvar veke.

  • Løn etter lokal avtale med bonusordning, og blir meldt inn i vår innskuddsbaserte pensjonsavtale med eigensparing
  • Gode forsikringsordningar og vi har rabattavtale for tilsette

 

 

Søknadsfrist 23. april

 

Vi tek inn aktuelle kandidatar til intervju fortløpande, og anbefalar deg difor å søkje stillinga snarast.

 

 

Kontaktpersonar: Coop Nordvest SA v/driftssjef Synnøve Søraa tlf. 452 83 430 eller Jorunn Løseth v/FREMO rekruttering tlf. 907 90 311.

 

All kontakt med FREMO vil bli behandla konfidensielt, også ovanfor oppdragsgjevar om ynskjeleg.

 

 

 

Søk nå
Tips en venn

Ditt navn:
Send til E-post: